top of page
IMG_4779.jpg

om
øya
og
folket

Møkster er ei øy sør-vest for Bergen.

I dag bur det om lag 35 fastbuende her.

Langøylaks, Møkster butikk  og Havnechefen restaurant står for lokale arbeidsplassar. Folk pendler til Storebø og Bergen. Barn og unge kan gå på Storebø barneskule og Austevoll ungdomsskule.

Båtturen frå Møkster til Storebø (nordover) eller Bekkjarvik (sørover) tek omlag 20 minutt.

Til Bergen går det 1-1,5 time. 

Det har vore busetting her sidan siste istid gjekk mot slutten. Øya har fleire gravrøyser og ei bygdeborg frå rundt 600 e.Kr. Ei av dei eldste spora etter busetting er funn av ein flintkniv frå yngre steinalder.

Blant både fastbuande og hyttefolk finst mange ildsjeler. Øya er derfor kjent for å få ting til å skje. Parallelt med alle aktivitetane, finn ein her ein eigen ro.

Utmarka er vill, vakker og urørt.

For ein geolog, botanikar eller ornitolog, er øya meir enn eit syn for auget. Her kan ein observere sjeldne bergarter, fuglar og plantar. 

Havørn er å sjå dagleg over øya.

bottom of page