top of page
projects.

Kva skjer?

2024: Info vert oppdatert fortløpande.

Møkster maraton 2024  -  Årets store happening på Møkster går av stabelen laurdag 3. august. 

                                                Påmelding: https://www.deltager.no/event/447690#init

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

2024:

Skjærtorsdag 28. mars:     Øy-dugnad starter kl 10.00, sjå Møkster vel på Facebook

Påskaften kl 15.00:       Det blir grilling og påskekos for barna i Naustvågen

Fredag 19. april:          Damenes aften

17. mai, fredag:           Vi feirer dagen med å gå i tog og samlast i skulen med leikar og festmat.

Laurdag 25. mai:         Ole Gas Band Det absolutt beste som Kim Larsen fans kan oppleve. Arr. Havnechefen Møkster 

Laurdag 1. juni:            Koronitas - konsert

Laurdag 22. juni:          St. Hans-feiring i Naustvågen. Vi tenner bål

Laurdag 22. juni:          Verdiløse menn - konsert

Laurdag 13. juli:           13:30 Barnebasar. 14:00 Basar i Pakkeriet. Alltid høg stemning og flotte gevinstar! Arrangør: Møkster vel.

                                   19:15 Standup - Øy humor - i Pakkeriet. Sjå møkster velforening for meir info

Laurdag 27. juli:           Dag Ingebrigtsen m/band. (tidl. TNT og The kids). Arr. Havnechefen Møkster 

Laurdag 3. august:        MØKSTER MARATON. Ein folkefest. Naturoppleving, god mat. Barneløp, nautisk maraton, maraton og halvmaraton.                                                          Kl 20.00: Standup med Christoffer Schjelderup - garanterert latterbrøl - i Pakkeriet. 

                                                    Arrangør: Møkster maraton, Møkster vel og AIK.

Laurdag 10. aug:          Hellfuck - konsert. Arr. Havnechefen Møkster 

Laurdag 17. aug:          Poker Run - Båtrace frå Bergen til Møkster.

Laurdag 7. sept.:           Bossdag - levering av stor-avfall på kaien.

Laurdag 7. sept.:           Medlemsfest - Møkster vel.

Laurdag i sept.:             Oktoberfest  Livemusikk og dans i kassahallen på kaia. Arrangør: Møkster næringspark.

Laurdag i des.:              Julabord  

                                                          

Året rundt:

Nærbutikken Møkster:

Den lokale butikken på kaia. Her finn du det meste av daglegvarer. Opningstidene varierer litt i løpet av året. Stor gjestebrygge for restaurant og butikk.

Opningstider haust/vinter/vår 2023-24:

Mandag - torsdag:           13.30 - 16.15

Fredag                           10.00 - 11.00, 13.30 - 16.15 og 17.30 - 18.00

Laurdag:                         11.30 - 13.30 og 15.30 - 16.00 

Søndag:                         Stengt

Turløypene:

Ei av dei største opplevingane på Møkster er å ta turen i utmarka, langs merka turløyper. Vilt og vakkert.

Løypa går forbi ein av Geopark Sunnhordland sine mest spektakulære lokalitetar, området frå Blåsteren til Røyrvikskaget

Hugs gode sko og gjerne badetøy om det er vêr til å hoppa i naturbassenget eller i sjøen i ei av vikene. 

Havnechefen Møkster Restaurant

Velkommen til vårt flotte lokale og uteservering på kaikanten. Sjekk facebooksidene til Havnechefen Møkster for meir info.

Vi har ein fantastisk fin beliggenhet i sjøkanten i Møkster havn.

Ope i heile sommarsesongen, og dei fleste helger vår og haust og av og til i vinterhalvåret. Særs god mat og topp stemning.​

Du kan tinga vacumpakka ferdigrettar for levering i Austevoll. Ta kontakt med oss, eller sjå Havnechefen Møkster på Facebook for meir info.

Eiga gjestebrygge for restaurant og butikk.

Klikk på foto under for link til meir info:

IMG_20200830_151949.jpg

Reis til Møkster

Frå Strandkaiterminalen i Bergen går det hurtigbåt via Flesland kai, Hufthamar og ut til Møkster. Reisa tek 1-1,5 time. Det går også båt frå sør- innom Leirvik, Bekkjarvik og til Møkster.

Alternativt buss frå Bergen sentrum eller bil med gratis ferge Krokeide - Hufthamar. På Hufthamar (eller Storebø) bytter du til hurtigbåten som går vidare til Møkster. Med eigen bil kan du parkere gratis på Krokeide, Hufthamar eller Storebø. 

Det går ikkje bilferge til Møkster. Reiseplanleggar finn du på SKYSS.NO.

Om du kjem med eigen båt, finn du gjestehamn i Naustvågen, og korttidshamn ved butikk/restaurant.

Ved rutebåtkaien ligg matbutikken, som har det meste du treng, og ein restaurant

som serverer fantastisk god mat og drikke til hyggelege prisar. Du kan gjerne ta med telt til overnatting.

@ @ @ @ @ @

Under ser du leiligheiter og hus for kortidsleige på Airbnb:

about.
IMG_20210630_230205.jpg
contact.

KVA FOLK SEIER

Lisbeth

'Ble fullstendig bergtatt av stedet, roen. Følte meg trygg og velkommen. Kommer gjerne tilbake!'

Julie Charlotte

'Vi er rett og slett lamslått av hvor fint oppholdet vårt var. Dette er virkelig stedet å dra dersom man ønsker å slappe av. Vi kommer definitivt tilbake:)'

Elisabeth

Møkster er en liten perla som man kan besøke alle årstider. Enkelt å komme til fra Bergen sentrum. Gode turmuligheter, strand for bading, kafé og fremfor alt et sted for ro. 

Adi

A lot of different birdlife, plantlife and rock formations together with a breath taking view almost no matter where you would go on the island makes it a great place to explore. It is also very peaceful.

TA KONTAKT - send SMS til:
Roger Jørgensen: 977 77 777
Arild Sunde: 951 46 001
(WEB-ansvarleg)
eller send e-post til: mokster.info@gmail.com

bottom of page